Radioen – det fyrste massemediet

Kommentarer3

Radioen opna opp ei heilt ny verd for mange nordmenn då den kom utover 1920-talet. Om du sat på ein holme langt ute i havgapet, inne i en fjord eller i ei bygd på flatlandet fekk du brått heile verda inn i stova. Ord og tonar som opna sansane og skapte ein ny samlingsplass i heimen.

Dette blogginnlegget er skrevet av Gunnar Angeltveit som er lærer, historiker, journalist og radioelsker, i tillegg til å være rådgiver for MyHeritage i Norge 🙂 

Det heile starta julekvelden 1906 i Massachusetts i USA og i 1920 kom radiosendingar til Noreg. Den 29. april 1925 fekk Kringkastingsselskapet konsesjon til å sende radio på Austlandet, så kom resten av landet med – steg for steg. I januar 1933 vedtok Stortinget at Staten skulle drive radioverksemda her i landet og Norsk Rikskringkasting vart skipa. I desember 1930 var det 83.000 radiolisensar i Noreg. Ti år etter, i desember 1940, var det heile 429.000 nordmenn som hadde fått seg radio.

I tida fram til den andre verdskrigen var det mykje debatt om norsk radio der både tekniske løysingar og innhald sto på agendaen. Kyrkjedepartementet var ei av dei kritiske røystene.

Folkeopplysning

I førstninga var radioen ein formidlar av urban borgarleg kultur med musikk frå heile verda ispedd norsk reklame for å sikre god finansiering. Men då nynorskmannen Olav Midttun i 1934 vart utnemnd til den fyrste riksprogramsjefen i NRK, med ansvar for redaksjonelt innhald, vart det store endringar. Programprofilen vart endra til meir samfunnsnyttig og samfunnsbyggjande innhald med radioforedrag og skulekringkasting.

Dette førte til eit ramaskrik frå besteborgarane på Austlandet og i andre urbane strok og radioen vart etter kvart oppfatta som ein radikal institusjon. Mange år seinare kom Carl I Hagen og snakka om ARK, Arbeiderpartiets rikskringkasting.

Krig og radiobeslag

Mange nordmenn lytta mykje på radio under oppspelet til den andre verdskrigen. Då krigen kom hit vart kringkastinga underlagt okkupasjonsmakta og programprofilen vart deretter. Men radioane rundt om i norske heimar kjende ingen grenser og vi fann fort fram til gode nyheitskjelder utanlands. Dei tyske okkupantane og Quislingane bestemte difor at det berre var nazistar som skulle få lov til å ha radio. Det vart difor sett i gang ei omfattande innsamling av radioar og nesten 500.000 apparat vart beslaglagte.

Radioen i senga

Men det var ikkje alle radioane som vart levert inn. Heime på Angeltveit på Sotra hadde pappa sin familie lurt unna ein god bordradio som bestefar hadde hatt med frå Amerika. Dette var dristig og ein gong det var rassia måtte dei leggje den i senga med ei bestemor som var «veldig sjuk» av ein veldig smittsam lungebetennelse. Ein annan gong måtte pappa grave radioen ned i åkeren og der vart den til krigen var over.

Pappa sitt krystallapparat

Pappa fekk tidleg sansen for radio og bygde seg eit såkalla krystallapparat. Då eg var liten budde vi på Valderøya rett utanfor Ålesund og der var det kort veg til den sterke mellombølgjesendaren på Vigra. Pappa sitt krystallapparat var ein spanande «lommeradio» lengje før dei eigentleg vart oppfunne.

Høvding med fiskeribølgje

Den første radioen vi fekk heime var ein Høvding bordradio som var eit meisterverk både designmessig og teknisk. Den var og er vakker å sjå på og den hadde langbølge, mellombølge, kortbølge og fiskeribølge. Med denne radioen kom heile verda inn i stova.

På slutten av 1950 talet vart fiskeribølgen viktig. For då skjedde det gedigne storsildfisket utanfor Vestlandskysten. På fiskeribølgen kunne vi høyre dialogen mellom båtane ute på sildefeltet, mellom båtane og land og av og til mellom familiemedlemer som prata med kvarandre.

Store fangstar vart rapporterte inn i hektoliter, båtar som ikkje fekk plass til all silda dei hadde i nota ropte: Hallo hjelparar, hjelparar, hjelparar – og hjelpebåtane svara, kom og tok unna.

Vi gutane følgde nøye med på radio og førde sirleg statistikk over fangstane på vår båt. Eg hadde onklar på fleire båtar og hadde fangstlistene oppdaterte fleire gonger om dagen.

Tandberg reiseradio

Som tenåring fekk eg meg ein eigen radio. Ein flott Tandberg reiseradio som var med meg frå slutten på 60-talet til langt inn på 90-talet. Radionett Kurer var ein annan radio mange hadde. Lette gode radioar du kunne ta med ut i sumarnatta for swingande musikk under hasseltre og på stranda.

Huldra som imponerte verda rundt

Eg fekk sansen for Tandberg og sparte lenge pengar for å få råd til en radioforsterkar som heitte Huldra 10:

 

 

Dette var toppen av pyramiden på den tida og rett under kom ein annan Tandberg radio: Sølvsuper.

Radioforsterkaren vart eit viktig element i eit skikkeleg High FI alegg og Tandberg sin Huldra vart verdskjend for sin kvalitet og gode lyd.

 

Radioen i lomma

På vegen dit vi er i dag kom det mange slags små radioar som var mindre enn ei fyrstikkøskje, men som hadde skalletelefonar (hodetelefonar) og grusom lyd, men du fekk med deg nyhetene.

Utviklinga dei siste åra har gått med stormskritt. Du kan få radio på PCen din, på telefonen din, inne i vekkjarklokka di, i bilen din, i båten og du kan framleis få ein boks for å setje på bordet.

Men no er det gamle FM nettet snart historie. DAB+ teknologien tek over og tusenvis av gode gamle radioar må skrotast – eller setjast i hylla som eit minne om ei god gamal tid.
Eg håpar du gjer som meg, og tyr til hylla! 🙂

 

Legg igjen en kommentar

E-postadressen din vil ikke vises på bloggen

  • Harald Ulvestad


    mars 14, 2017

    Flott artikkel om radio og den fascinasjonen som fulgte med når en fikk hele verden inn i stuen. Fortsatt er det mye å høre på mellombølgen, og hele verden kommer inn på kortbølgen om en har en bra radio og god antenne.For interesserte er det en egen forening, Norsk Radiohistorisk Forening (egen internettside) med masse interessant stoff om gamle radioer, bilder og beskrivelser, koblingsskjema, salg av radiorør og andre komponenter, også årlige auksjoner. Spennende hobby, og med DAB/Internettkonverter kan også de vakre gamle radioer fra 50- og 60-tallet få sin renessanse ved å kunne brukes og få sin velfortjente plass i finstua!

    • Trine


      mars 15, 2017

      Tusen takk, Harald! Vi anbefaler alle radiointeresserte å ta en titt på nettsidene til Norsk Radiohistorisk Forening. Og vi er så hjertens enige: de game radioene fortjener å beholde hedersplassen i finstua – med ny eller original innmat 🙂

  • Erling Jensen


    mai 28, 2017

    Fin artikkel!
    Har også en Huldra 10 som lever i beste velgående etter 43 års drift! Kjøpte den som student og brukte en svimlende del av studielånet…
    (Litt service innimellom – men det gjør jeg selv). Imponerende byggekvalitet!
    Neste trinn er et lite DAB+ adapter så kan den gå i 40 år til….
    På 60-tallet benyttet jeg en Radionette Jubileumssuper (kjøpt på 50-tallet). Lang antenne og god kvalitet på langbølgen med BBC light programme og ikke å forglemme fotballkamper! Mitt første engelsk kurs!